Tilbake

Lofoten bør stå øverst på din «bucketlist»

Di neste reise bør du leggje til Lofoten, viss ikkje bør Lofoten i alle fall stå høgt på lista di over stader du skal vitje i næraste framtid. Lofoten er for tida glansbiletet av Noreg ut i verda, og det med rette!

Vakre Lofoten

Mitt navn er Raymond, og eg tok med meg ein flott gjeng til Svolvær i haust. Ingen av oss hadde vore i Lofoten før, og vi var alle like spente. Programmet var lagt opp til å bli ei innhaldsrik helg, med ulike aktivitetar på land og til sjøs. Vi kunne ikkje ha vore meir heldige; det var strålande vêr!

Vi tilrår deg å vere tidleg ute med å bestille Lofottur. Send oss gjerne ein forespørsel!

Her skal du få inspirasjon og lese kva eg fekk oppleve på turen.

Fjelltur

Sjølvsagt måtte vi opp og sjå utsikta frå toppen. Vi hadde ein guida fjelltur til Tjeldbergtinden (367 m.o.h.). Turen byrjar på grusveg, før du går bratt opp til midtpartiet og plutseleg er på toppen. Pausane undervegs gjev deg eit spektakulært utsyn over Svolvær og til fjelltopp på fjelltopp bortover. Ha fullada batteri på mobilen til du er på toppen, for her er det instamoments overalt.

Turen passar dei fleste og er rekna til å ta eit par timar, alt etter kva form og kor stor gruppa er. Guiden delar si kunnskap om området vi ser og fortel om lokal historie.

Det er fleire andre toppar å bestige; den tøffaste og største snakkisen er klatring og hopping på Svolværgeita. Vi vil alltid tilrå å undersøkje om du bør ha med guide.

Fisketur

Det er nesten obligatorisk å kome seg ut på havet og prøve seg som fiskar. Fiske har stått sentralt i Lofoten si historie og med ein tur i ein tradisjonell fiskebåt, vil alle føle seg som ein Lofotfiskar. Vi fòr ut på ein fire timars tur på den 100 år gamle MS Symra, med mannskap på to og klar for fangst. Undervegs fekk vi høyre nye historiar, skrøner og sjølvsagt servert god lokal fiskesuppe. Når du står der med fiskestanga, er det fort du drøymer deg vekk. Sjå utover havet, fjella og øyene rundt; rått, reint og vakkert. Tenkjer litt på TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.» Dette er kvardagen for mange lokale, men veldig eksotisk og spanande for alle oss andre. Fiskelukka hadde halvparten av oss, og fangsten vart gjeven til den lokale gamleheimen. Du kan sjølvsagt behalde fangsten sjølv, om du vil.

Denne aktiviteten passar for dei fleste og er du redd for å bli sjøsjuk, kan du ta sjøsjuketablett nokre timar før avreise.

RIB-safari

Fart og spaning, gjer deg klar for eit par timar du aldri vil gløyme! Vi byrjar roleg ut av hamna, for å så sette opp farten. Sett deg godt til rette og nyt Lofoten i rask film. Det var to ting eg gleda meg til: Magiske Trollfjorden og nærkontakt med havørna. Og gjett om det slo til?! Trollfjorden var magisk, fjella som går rett ned i fjorden; korleis i alle dagar klarar Hurtigruta å kome seg inn og ikkje minst snu? Høgt oppe ser vi havørna gli majestisk i vinden.

På stopp undervegs får vi igjen høyre litt historie og skrøner. Så blir vi køyrd mot ein sikker havørnspot, der vi får nærkontakt med havørna. Alle ser seg om og DER ser vi første ørna! Den får servert fisk, vi trykker febrilsk på kameraet for å få blinkskotet når den stuper mot byttet. På turen får vi sett opp til fleire fuglar som litt cocky glor på oss, der vi sit som ein gjeng måpande turistar. Berre dette er verdt turen!

RIB-turen passar for dei fleste og du vil ikkje angre!

Kajakk i Lofoten

Kajakk

Bestill deg tur til sjøs med kajakk. Spektakulært syn frå orkesterplass mot sjøen og til land. Vi hadde strålande sol og stille sjø, dette er som balsam for sjela. Undervegs vart vi fortald lokal historie om Svolvær og Lofoten.

Du sit i ein stabil og trygg dobbel havkajakk. Dette er ein tur som passar dei fleste.

Kva bør du pakke til turen?

Ta med deg superundertøy eller ullundertøy, fleece og ellers gode uteklede. Til sjøaktivitetane får du låne varmedress, hanskar, briller og elles naudsynt utstyr. Kle deg etter vêret og temperaturen. Til fjelltur er gode sko og høvelege klede tilpassa vêrforholda, viktig.

Kva tid bør du reise?

Heile året eigentleg. Men for å oppleve midnattssola reiser du om lag mellom 28. mai og 14. juli, og for nordlyset bør du reise i vinterhalvåret når det blir mørkt på kvelden.

Garantert fin vêr kan ingen gje. Du kan oppleve fire årstider på ein dag – vi er trass alt i nord og ved kysten.

Kva skal du ete?

Fisk, fisk, fisk! Du kjem ikkje deg unna det og du får ikkje betre fisk enn her!

Vi prøvde huset sin spesialitet, nydeleg tørrfisk på Børsen Restaurant. Må også seie at du må leggje inn ein middag på Paleo Artic, ein av dei beste restaurantane i Svolvær.

Kontakt oss

Vi kan bestille alt dette for deg og meir til. Til deg og din kjære, familien eller ei større gruppe. Vi brukar kvalitetssikra og trygge lokale aktivitetsarrangørar, og flyr deg direkte med Widerøe anten til Svolvær eller Leknes (SAS flyr også via Bodø). Kva med å bu på ei eksotisk rorbu?

Spør oss, så ordnar vi ein tur for deg som verkeleg vert eit minne for livet!